Eiril og Liam

Eg var så heldig at eg fekk ta del i å knipse den nydelige familien Solheim – Kirketeig.

Ungane var fantastiske. Så tålmodige og flinke med kvarandre. Og ikkje minst tålmodige med meg som fotograf.

Storebror Liam passe på når lille Eiril var foran kamera. Og hjalp til med å få veslefrøkna til å trekke på smilebånda.

Resultatet vart ein kjempe fin bildeserie som eg sleit veldig med å velge ut eit utsnitt av.

Alva og Mathilde

Jobben min blir så leikande lett når eg får ta bilder av så blide og snille born. Eg reiste til Naustdal for å fotografere Mathilde og Alva, to skjønne venninder. Eg skal innrømme eg var litt spent på å fotografere to så små born rett etter kvarandre, men eg vart veldig positivt overraska!

Dei var lett som en plett å fotografere, med born i godt humør og så flinke mammaer som hjalp til. Det var ein fantastisk fin dag som resulterte i mange fine blinkskudd!