Sonja og Aleksander

24 juni 2017 var endelig dagen til Sonja og Aleksander her. Dei gifta seg i Åsane gamle kirke, ei nydelig lita kirke i utkanten av Bergen. Det er ikkje så ofte at Bergen viser seg frå si beste side men denne gongen var vi heldige. Det kom nokre byge med regn, men som bestilt så kom sola akkurat når vi trengte ho.

Eg storkoste meg med det nydelige brudeparet som strålte gjennom dagen min i lag med dei. Det var tydelig at dette var en dag fylt med glede og kjærlighet, både frå dei nydelige gjestane og frå brudeparet.

Tusen takk for ein fantastisk dag i lag med dykk. Eg storkoste meg og ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Charlotte og Philip

17 juni var eg så heldig å få forevige bryllupsdagen til Charlotte og Philip. Dei sa ja ein nydeleg sommardag i Tomb kyrkje.

Etter vigsla viste brudeparet vei til ein nydeleg liten park med utrulig mange flotte motiv. Her nytta vi sjansen til å ta bilete av brudefølget og brudeparet før vi fortsatte med kun brudepar og forlovarar. Vi reiste då ut på ein holme med utsikt rett i fjorden, heilt nydeleg.

Med et par maur i kjolen, mange smil og kjærlige blikk var det en fryd å fotografere Charlotte og Philip. Sola skinte nesten like sterkt som brudeparet strålte. Tusen takk til Charlotte og Philip som lot meg ta del i dagen dykkar. Ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Anne og Roy

3. juni 2017 var eg så heldig å få ta del i bryllupsdagen til Anne og Roy. Det var en fantastisk dag der det opprinnelig skulle regne og være overskya, ikkje det beste været for et hagebryllup. Men som Anne sa så hadde ho bestilt sol og jaggu kom sola.

Eg storkoste meg med kjempe hyggelige og nydelige gjestar som gjorde dagen fantastisk. Det nydelig brudeparet strålte gjennom heile dagen, og det var veldig tydelig at dette var en dag fylt med lykke og kjærlighet.

Tusen takk til Anne og Roy som lot meg fange og forevige en så nydelig dag. Ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Herr og Fru Nordfonn

Den 4. juli 2015 var eg så heldig at eg fekk lov til å fotografere Linn og Sindre sin store bryllaupsdag. Dei gifta seg i Bergen ein nydeleg sommardag med blå himmel og sol.

Vi starta dagen med vigsla i Birkeland kyrkje, før eg, forlovarane og det nygifte paret satte kursen mot ingenmannsland. Då eg ikkje var så kjent i områda rundt Bergen var det Linn og Sindre som hadde funne lokasjon for fotograferinga. Dei geleida meg ut på landlige vegar og plassar eg aldri har sett eller ant at fantes i nærheten av Bergen. Men å for ein nydeleg plass dei hadde funne, med utsikt ut i fjorden stod vi ut på ei klippe som gjekk rett ned i vatnet. Med litt lett vind i håret og store smil om munnen gjekk alt som ein leik.

Selskapet vart holdt på Panorama Konferansehotell. Eit nydeleg hotell også med utsikt over fjorden ! Det var ein fantastisk dag med utrulig mange flotte, blide mennesker. En spesiell takk til brudeparet som lot meg ta del i dagen deira.