Charlotte og Philip

17 juni var eg så heldig å få forevige bryllupsdagen til Charlotte og Philip. Dei sa ja ein nydeleg sommardag i Tomb kyrkje.

Etter vigsla viste brudeparet vei til ein nydeleg liten park med utrulig mange flotte motiv. Her nytta vi sjansen til å ta bilete av brudefølget og brudeparet før vi fortsatte med kun brudepar og forlovarar. Vi reiste då ut på ein holme med utsikt rett i fjorden, heilt nydeleg.

Med et par maur i kjolen, mange smil og kjærlige blikk var det en fryd å fotografere Charlotte og Philip. Sola skinte nesten like sterkt som brudeparet strålte. Tusen takk til Charlotte og Philip som lot meg ta del i dagen dykkar. Ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *