«Eg er fødd og oppvaksen i Førde, Sogn og Fjordane. Eg har i seinare tid budd i Bergen og Winchester, England, og er for tida no busett i Hønefoss. Eg har alltid hatt interesse for fotografering og pene ting. Då eg fekk mitt første kamera (et Olympus billigkamera) vaks interessa meir, men eg såg ikkje potensiale i meg sjølv før eg fikk mitt første speilreflekskamera og eg fekk begynne å leike med lys. Eg prøver stadig å utvikle meg sjølv og bli betre på det eg held på med og set veldig pris på tilbakemeldingar, både frå kreative sjeler og kundar.

Eg var lenge usikker på om eg var flink nok til å jobbe som fotograf og tok derfor en omvei innen grafisk design. Noko eg ikkje angra på, då eg fann min andre lidenskap i dette. Eg studerer no IT og Informasjonssystemer her i Hønefoss for å utvikle meg enda meir som ein designer og kan etterkvart også kalle meg sjølv for ein utviklar.

Eg tek gjerne imot jobbar som både fotograf, designer og etterkvart også som utviklar.»