Ailin & Michael

Endelig var dagen til Ailin og Michael her. Dei gifta seg ein heldig solrik augustdag i Naustdal kirke. Det er ikkje så ofte at Vestlandet held på sola ein heil dag men denne gongen var vi heldige og sola holdt seg framme heilt til mørket kom.

Eg storkoste meg med det nydelige brudeparet som strålte gjennom dagen min i lag med dei. Det var tydelig at dette var en dag fylt med glede og kjærlighet, både frå dei nydelige gjestane og frå brudeparet.

Tusen takk for ein fantastisk dag i lag med dykk. Eg storkoste meg og ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Andrea og Øyvind

På lørdag var den store dagen. Dette bryllupet var spesielt for meg da det var bestevenninna mi som endelig skulle få gifte seg med sin kjære Øyvind. I tillegg til å få æra av å ta bryllupsbildene deira så var eg forlovar. Det var ein hektisk dag for å seie det mildt, vi låg ein time bak skjema når vi begynte med fotograferinga så det heile gjekk veldig fort for seg.

Andrea og Øyvind ville ikkje kun ha dei tradisjonelle romantiske bildene, så vi reiste på jobben til Øyvind og tok bilder med store maskiner eg ikkje kan navnet på. Det er ikkje kvar dag ein ser eit nydelig brudepar posere foran ei grov og maskulin maskin så det her var skikkelig kult. Tusen takk for ein fantastisk dag. Brura og brudgommen strålte og eg kunne ikkje vore meir stolt og glad på dykkar vegne. Gratulerer så mykje med dagen til dykk. No gler eg meg til å ta del i resten av livet dykkar.

Tobias

Eg var så heldig at eg fekk lov til å forevige dette lille vidunderet til Katrine og Terje. Tobias var drøyt 9 dagar gamal, og det her er mi første fotografering med ein så liten baby. Fotograferinga var kjempe gøy og spennande, men også veldig utfordrande. Tobias var sjef denne dagen og vi voksne kunne ikkje gjere anna enn å tilpasse oss han. Men med ei klipe tålmodighet og god hjelp frå dei nybakte foreldra så blei det heile kjempe bra. Tusen takk til Katrine og Terje som lot meg fotografere nydelige Tobias.

 

Sonja og Aleksander

24 juni 2017 var endelig dagen til Sonja og Aleksander her. Dei gifta seg i Åsane gamle kirke, ei nydelig lita kirke i utkanten av Bergen. Det er ikkje så ofte at Bergen viser seg frå si beste side men denne gongen var vi heldige. Det kom nokre byge med regn, men som bestilt så kom sola akkurat når vi trengte ho.

Eg storkoste meg med det nydelige brudeparet som strålte gjennom dagen min i lag med dei. Det var tydelig at dette var en dag fylt med glede og kjærlighet, både frå dei nydelige gjestane og frå brudeparet.

Tusen takk for ein fantastisk dag i lag med dykk. Eg storkoste meg og ønsker dokke all lykke i framtida som mann og kone.

Familien Vetti

Sommaren 2015 skulle det komme et perfekt lite tilskudd til familien Vetti, og eg var så heldig at eg fekk lov til å dokumentere babymagen og den nydelige familien som gleda seg sånn til Rikke skulle komme til verda.

Vi var så heldige at vi hadde mulighet til å tilbringe heile dagen i lag, så vi begynte heime hos Marion og Nils Ove før vi reiste på stranda og avslutta det heile i ein nydeleg solnedgang  på Staveneset.

Det var en fantastisk artig dag, og jobben min var så leikande lett med desse nydelige solstrålene foran kamera.

Eiril og Liam

Eg var så heldig at eg fekk ta del i å knipse den nydelige familien Solheim – Kirketeig.

Ungane var fantastiske. Så tålmodige og flinke med kvarandre. Og ikkje minst tålmodige med meg som fotograf.

Storebror Liam passe på når lille Eiril var foran kamera. Og hjalp til med å få veslefrøkna til å trekke på smilebånda.

Resultatet vart ein kjempe fin bildeserie som eg sleit veldig med å velge ut eit utsnitt av.

Familien Solheim Kirketeig

På nyåret 2015 var det duka for at eg skulle få bli «tante» for andre gang. Andrea og Øyvind venta ei lita jente, og eg var så heldig å få lov til å ta bilder av det nydelige paret som venta et nytt tilskudd til familien.

Det var godt humør og mykje latter denne dagen, spesielt når far fikk beskjed om å legge hodet på magen og smile til det nye vidunderet, og han poserte sovande. Biletet heiter «Stille før stormen» og illustrerer perfekt det kommende året dei hadde i vente (du skjønner det når du ser det).