Sonja & Alexander

Hausten 2016 reiste eg til Bergen for å fotografere Sonja og Alexander som skal gifte seg til sommaren.

Vi tok oss til ein park i utkanten av Bergen der vi var heilt aleine då regnværet nett hadde gitt seg. Perfekt fotograferingsvær med vibrante fargar og deilig fuktig bergensluft, og ikkje minst fekk vi eit par solglimt i ny og ne.

Eg hadde en fantastisk fin og harmonisk dag i lag med Sonja og Alexander, et nydelig par som var en fryd å fotografere. No gler eg meg til å fotografere den store dagen til sommaren !

Familien Solheim Kirketeig

På nyåret 2015 var det duka for at eg skulle få bli «tante» for andre gang. Andrea og Øyvind venta ei lita jente, og eg var så heldig å få lov til å ta bilder av det nydelige paret som venta et nytt tilskudd til familien.

Det var godt humør og mykje latter denne dagen, spesielt når far fikk beskjed om å legge hodet på magen og smile til det nye vidunderet, og han poserte sovande. Biletet heiter «Stille før stormen» og illustrerer perfekt det kommende året dei hadde i vente (du skjønner det når du ser det).