Eg er fødd og oppvaksen i Førde, Sogn og Fjordane, og er busett på Sande i lag med min samboar Kim-Rudi. Eg jobbar som front-end utviklar i Sparebanken Sogn og Fjordane og trivast godt med det. Her får eg nytta meg av og utvida min kompetanse både innan design og utvikling.

Eg har alltid også hatt interesse for fotografering, og driv derfor på med dette på hobbybasis. Som fotograf er eg sjølvlærd og har inga offisiell utdanning innan feltet men etter nokre år har eg ein del erfaring. Eg prøver stadig å utvikle meg sjølv og bli betre på det eg held på med og set veldig pris på tilbakemeldingar, både frå kreative sjeler og kundar.”

To skal bli til tre og eg tek for tida ikkje på meg nokre nye oppdrag, men ta gjerne kontakt om du har nokre spørsmål eller eit potensielt oppdrag langt fram i tid.