I eit skuleprosjekt på Høgskulen i Søraust-Noreg skulle vi utforme eit konsept, ein logo og tilhøyrande nettside basert på kategorien mor og barn. Hjerterom er ei nettside som skal informere og hjelpe aleine mødre som ynskjer å bli fosterheim.
Eg ville at dette konseptet skulle utstråle varme, kjærleik og lykke. Eg har brukt varme fargar og personleg typografi for å skape nærleik til målgruppa. Hjertet frå logo er tatt inn i nettsida som eit ekstra element for å styrke opp under dette uttrykket.